Og mannen han gjekk seg i veda skog,
Då sat der ei kråka i lunden og gol.
Men kråka kom etter på taket og gol, | Så spente han føre dei folane ti; men kråka ho sprengde alle di. Så spente han føre dei folane tolv, så køyrde han kråka på låvegolv. Så flådde han kråka og lema ho sund, ho vog innpå seksten og tjue pund. Av skinnet så gjorde han tolv par skor, det beste paret det gav han til mor. Og kjøtet han salta i tunner og fat, og tunga han hadde til julemat. Av tarmane gjorde han tolv par reip, og klørne han brukte til møka-greip. Og nebben han brukte til kyrkje-båt, som folk kunne sigla på frå og åt. Og munnen han brukte te mala korn, og øyro han gjorde til tutar-horn. Av augo så gjorde han stoveglas og nakken han sette på kyrkja til stas. Og den som ’kje kråka kan nytta så, han er ikkje verd ei kråka å få. |